Trygve Slagsvold Vedum helser på Harald Lekven og Siren Tømmerbakke i Os Sp.
Trygve Slagsvold Vedum helser på Harald Lekven og Siren Tømmerbakke i Os Sp.

Sp-leiar: - Regjeringa bløffar om samanslåing

- Regjeringa berre bløffar når dei truar kommunar til å slå seg saman før 1. juli, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum då han møtte fusingar og osingar i dag.

Fusingar og tysnesingar hadde teke ferje over fjorden for å vera med på møtet Os Senterparti arrangerte i Os sentrum. Ifølgje Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum må dei bli vane med den turen, dersom dei tre kommunane skulle finna på slå seg i lag.

- All erfaring viser at samanslåing fører til sentralisering. Først sentraliserer dei makta, og deretter kjem sentralisering av tenestene etterpå. Som ein logisk konsekvens vil folk flytta til meir sentrale delar av den nye storkommunen, sa Vedum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilfeldigvis hadde nettopp dei tre kommunane som var representerte i salen dagen før hatt møte om kommunesamanslåing. Temaet var såleis høgaktuelt.

Os Sp på gli i samanslåingssaka

Senterparti-representantar frå Os hadde lest«Os og Fusaposten» sitt referat frå møtet mellom dei tre kommunane, og drege visse slutningar på bakgrunn av tvangstrøya staten truar med: samla 130 mill. kroner i tapte inntekter over 20 år dersom dei tre kommunane vel å ikkje slå seg saman.

- Me er i ein prosess som me ikkje har valt. Og då utgjer inntektssystemet eit element av tvang. Me må tenkja på kva det vil medføra for innbyggjarane våre dersom me ikkje slår oss saman - og tapar framtidige inntekter på det, sa gruppeleiar i kommunestyret, Siren Tømmerbakke.

Margunn Samnøy, Hans Berge og Svein Lang frå Fusa Sp.
Margunn Samnøy, Hans Berge og Svein Lang frå Fusa Sp.
Bar(t) var staden der Os Senterparti arrangerte tverrkommunalt møte om samanslåing.
Bar(t) var staden der Os Senterparti arrangerte tverrkommunalt møte om samanslåing.

Ho la til at samanslåing med Bergen kunne sjå naturleg ut på kartet, men at ho føretrekte samanslåing med Fusa/Tysnes for å halda på identiteten. Ho fekk støtte frå kommunestyre-kollega, Harald Lekven.

- Eg er veldig på gli når det gjeld tanken å slå seg saman med Fusa og Tysnes. Det er fordi me får eit enormt press på areal i Os dersom folketalet skal doblast. Fusa har mykje areal å ta av, sa han.

Vedums kalddusj

Trygve Slagsvold Vedum var ikkje sein med å hella kaldt vatn over tendensane til å tenkja samanslåing over fjorden.

- For å unngå å bli slått saman med Bergen, må ein altså finna på noko anna. Er det god samfunnsplanlegging? spurde Vedum.

- Hugsar de då Jan Tore Sanner argumenterte med at bergensregionen treng meir areal og peikte på Os eller Osterøy som naturleg omland for Bergen? Terje Søviknes sa at det var heilt uaktuelt å bli slått saman med Bergen. Difor finn ein seg eit alternativ som skal vera ei motvekt til dette, meinte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trugsmålet om store tapte midlar dersom ein vel å ikkje slå seg saman hadde han heller ikkje tru på. - Arbeiderpartiet og KrF har sagt at dei ikkje går inn for endringane i inntektssystemet. Dermed er det ikkje fleirtal for det på Stortinget. Det absurde er jo at kommunane i vår må ta stilling til samanslåing utan å vita kva endringar det faktisk vil bli i inntektssystemet, sa Vedum.

Han meinte vidare at det meste ligg an til skifte av regjering til neste år, og at ei ny regjering sjølvsagt ikkje vil nekta å hjelpa kommunar økonomisk som har lyst til å slå seg saman til å gjera det.

Kva problem skal samanslåing fiksa?

Vedum gjekk også gjennom ei rekkje felt der regjeringa ikkje hadde greidd å dokumentera at samanslåing er rett medisin.

- Regjeringa har ikkje greidd å gje eit einaste svar på kva problem det er kommunesamanslåing eigentleg skal fiksa. Dei må no først identifisera kva som er gale, og så visa korleis samanslåing hjelper mot det. I staden har det vist seg i sak etter sak at dei ikkje greier å dokumentera påstandar om at store einingar fungerer betre. Skule er eit godt døme. Dei prøvde seg med å påstå at store kommunar bra, fordi Oslo kommune har gode skuleresultat. Men kva fylke har best skuleresultat i landet? Jau, Sogn og Fjordane!

Trur Tysnes vil venda Os/Fusa ryggen til

Kristin Kleppe frå Senterpartiet på Tysnes trudde at folkerøystinga vil syna at det ikkje blir stemning for samanslåing med Os og Fusa. Alle alternativ kommunen så langt har vurdert har falle i fisk, og ho såg ingen fordelar med det som no låg i bordet heller.

- Me har rekna på det og ser ingen stordriftsfordelar med slik samanslåing. Me ser at innbyggjarar i små kommunar er mest nøgde med tenestetilbodet. Kommunesenteret blir garantert ikkje på Tysnes med ei samanslåing med Os og Fusa. Kva tenester ein sit att med når administrasjonssenteret flyttar, er uvisst, sa ho.

Skulestrid har teke all energi

Frå Fusa Sp si side stilte mellom Svein Lang, Haldor Tuft og Margunn Samnøy. Svein Lang fortalte at den altoppslukande skulekonflikta i kommunen, har teke all energi.

- Den er like hard no som har var før jul. Kommunestyret har vore lamma og rådmannen inntek meir og meir ei politisk rolle. Så det har vore lite energi overs til å snakka om kommunesamanslåing, sa Lang. Han la til at Hålandsdalen og Strandvik framleis ikkje hadde kome over kommunesamanslåinga i 1962.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er bygdene som står sterkt i Fusa.

Margunn Samnøy la til at kvar i langstragte Fusa ein bur har mykje å seia for kva syn ein har på kommunesamanslåing. Dei i Søre Fusa har lite til overs for å slå seg saman med Os, medan dei i nord kanskje har mindre imot det.

Haldor Tuft sa at dersom ein skal gå i lag med Os, må i alle fall Tysnes vera med.

Trygve Slagsvold Vedum meinte at Fusa var eit døme på at kommunesamanslåing fungerer dårleg.

- Når ein ser kor mislykka samanslåinga i Fusa var, og kor krevjande det er å få kommunen til å fungera godt i lag, er det absurd å tenkja på at det er dette som no er gjort til eit nasjonalt mål, sa han.

Samanslåing utan nedlegging?

«Os og Fusaposten» fekk også nokre ord åleine med leiaren av Senterpartiet. Me spurde han om kvifor han trur samanslåing av kommunar automatisk fører til samanslåing av tenester.

- Dersom det blir samanslåing, er det vel ingen som vil føreslå å leggja ned sjukeheimen i Fusa og flytta denne til Os? Kan ein sjå for seg at tenestene blir der dei er, medan administrasjonen blir slått saman - og at dette vil spara pengar?

- Regjeringa trur ein kan spara pengar på det, men det er vanskeleg å finna belegg for det. For all erfaring viser at det blir meir, ikkje mindre utgifter til administrasjon i ein stor-kommune. Det ser ein i Danmark, som har vore gjennom det same. Eller tenk på di eiga lokalavis - der er det garantert små utgifter til administrasjon. Men i eit stort konsern er desse utgiftene store. Når ein først sentraliserer makta, er det nesten uten unntak slik at du sentraliserer ulike tenester etterpå. Skal du då spara pengar, er det pleie, omsorg og oppvekst det er å ta noko av, seier Vedum. Han la til at for Senterpartiet er det ein gjennomgangstone at trua på nærleik skaper gode liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tenk kva som skjer dersom du mistar kommuneadministrasjonen på ein liten stad. Då har du plutseleg ingen som kan jobba for å få 4G-dekning i bygda, til dømes. I ein ny storkommune vil dei mindre stadene ha færre representantar som taler deira sak, sa Vedum.