Kajakk og padling er blant aktivitetane ein kan ta del i.
Kajakk og padling er blant aktivitetane ein kan ta del i.

Spennande og godt sponsa feriedagar for ungdom

10.-13. august kan ungdom mellom 13-19 år få med seg aktive og morosame feriedagar med Vidar Øvredal rundt i Hordaland.

Opplegget er sponsa av staten og er difor svært rimeleg. Om ein av ulike grunnar ikkje har så mykje pengar, så kan ein også søkja om å få redusert deltakaravgiften.

Vidar Øvredal har jobba med ungdom og sommarleirar i mange år. Denne gongen er planen å reisa litt ut av Fusa, i alle høve om vêret tillet det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tenkjer å ta ein dag med elverafting og klatrepark-tur på Voss. Dessutan er ein bytur til Bergen på planen, då gjerne med bading på Nordnes som eit av stoppa, fortel Øvredal.

Deltakaravgifta er på 400 kroner. Takk vere god støtte får ein då dekt alt, inkludert reise, mat, overnattingar og alle aktiviteter. Ifølgje arrangøren er det heller ikkje naudsynt med lommepengar.

Tak på 20

Øvredal får med seg ei vaksen leiar til. Men ettersom dei berre er to, må dei setja tak på 20 deltakarar.

Dei fleste som har møtt eller helst på Øvredal veit at han er litt meir enn interessert i padling og liknande. Også under desse dagane har han og kollegaen planlagt ein padletur.

– Me har tenkt å minibuss til Steinslandsvatn og ta ein padletur der og kanskje i Solrenningsvatnet. Det krev ingen forkunskapar for å vera med på dette, men om det bles for mykje den dagen, så får me ta turen til fots i flatt og tørt terreng. Vidare vil det bli overnatting i Solrenningshytta med moglegheita for å fiska i det gode fiskevatnet og bada frå den flotte standa like ved.