Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) var førstemann uti då elevane ved Kongshaug musikkgymnas skulle ta sitt vekentlege bad i sjøen onsdag.
Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) var førstemann uti då elevane ved Kongshaug musikkgymnas skulle ta sitt vekentlege bad i sjøen onsdag.

Sporty utviklingsminister på besøk på Kongshaug

Elevane på Kongshaug musikkgymnas badar året rundt for å samla inn pengar til skuleborn i Mongolia. Utviklings-minister Dag Inge Ulstein (KrF) kunne ikkje vera noko dårlegare då han vitja skulen onsdag.

– Eg er glad eg var på besøk i september, og ikkje i januar..., skreiv utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) på Facebook etter det våte besøket på skulen på Lepsøy.

Utviklingsminsteren vart etterfølgt i vatnet av rektor Oddvar Rotvik og ei røys med elevar får alle dei tre trinna på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Over 60 elevar deltek. Elevane har sponsorar og får inn pengar til utviklingsprosjektet vårt ved å bada éin gong i veka, året gjennom, fortel rektoren.

I år går pengane til skulegang for born med funksjonsnedsettingar i Mongolia. Målet er ifølgje Rotvik å samla inn meir enn ein halv million kroner.

Rektorem synest det var utruleg sporty av utviklingsministeren å delta.

Utviklingsministeren snakka mellom anna med Kongshaugelevane om korleis ein kan gjera verda til ein betre plass å vera.
Utviklingsministeren snakka mellom anna med Kongshaugelevane om korleis ein kan gjera verda til ein betre plass å vera.

– Han kjem reisande i jakke og slips, hiv av seg kleda, tek på seg badebukse og hoppar uti. Berre som følgje av hans bad fekk vi inn 3.200 kroner. Det var utruleg artig. Dette kjem vi til å hugsa lenge, seier han.

Interessant føredrag

I tillegg til å bada, heldt utviklingsministeren føredrag om korleis alle kan bidra til å gjera verda til ein betre stad å vera, samt korleis Noreg bidreg til utvikling i andre land.

– Politikarane er jo ute på turné i desse dagar. Då passa det bra at han kom innom oss, både med tanke på kalendaren hans og utviklingsprosjektet vårt. Ulstein fortalte om korleis verda ser ut frå hans ståstad, kva ressursar som vert brukte og korleis departementet tenkjer for å kunna hjelpa flest mogleg. Det var eit flott føredrag som mange sette pris på, seier Rotvik.

Skulen skal arrangera ulike aktivitetar knytt til utviklingsprosjektet i løpet av skuleåret. I tillegg held badinga fram, vinter som vår. Også for rektoren.

– Eg skal bada kvar veke fram til skulen sluttar i juni. Om eg ikkje gjer det, må eg betala sponsorane mine tilbake, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no