God stemning på tur. Desse eldre damane let seg ikkje stogga av oppoverbakken mot Ole Bulls villa.
God stemning på tur. Desse eldre damane let seg ikkje stogga av oppoverbakken mot Ole Bulls villa.

Spreke bebuarar på tur

Bebuarar i første etasje på Luranetunet reiste på tur til Lysøen torsdag, der dei fekk ei omvising i Ole Bulls villa.

- Me hadde håpa på fint vêr, men me let ikkje nokre regndråper leggja ein dempar på stemninga, seier pleiar Rikke Wallace.

Fysisk spreke

Fire pleiarar hadde med seg åtte av bebuarane på tur til Lysøen. Dei andre på avdelinga var på sightseeing i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Turen har vore planlagt nokre månader. Me har ein god del bebuarar som er spreke fysisk, og ønskte å gjera noko anna enn å gå ut og spisa, seier Wallace.

Valet fall på Lysøen, som Wallace seier dei fleste har eit forhold til.

Kort omvising

Bebuarane trassa både ein motbakke og trapper for å få omvising i Ole Bulls villa, og for å få høyra om livet til den kjende fiolinisten og komponisten. Omvisinga blei av det korte slaget, då gjengen måtte reisa attende til Kafè Ole B, der dei skulle treffa resten av avdelinga til middag.

- Det blei ei kort omvising denne gong. Dei er svoltne og litt slitne. Me har bestilt bord til klokka 13. Bebuarane skal få kjøttkaker og sjokoladekake, smiler Wallace.