Sprengingsuhell årsak til straumbrot

BKK opplyser at eit sprengingsuhell var årsaka til at straumen gjekk. – Vi har kopla om, slik at kundane som blei råka no har fått straumen tilbake.

Klokka 11.40 melde BKK om driftsforstyrring i Os. I meldinga er mellom anna postnummer tilhøyrande Nore Neset, Nordstrøno og Lysefjorden nemnd. I underkant av 1.200 kundar blei råka av straumbrotet.

– Vi har folk i området. Eg veit ikkje kva som har skjedd, om det er ein kabel eller leidningar i lufta som er råka. Vi har i alle fall kopla om kundane, slik at dei har straum. Vi vurderer skadeomfanget, og utbetrar feilen, fortel Anne Mette Tuvin BKK.