(
(

Stansa mann med kniv

Politiet kontrollerte ein mann i 30-åra i Os sentrum i går, og fann ein kniv på han.

I går føremiddag stansa og kontrollerte politiet ein mann i Os sentrum. Han hadde ein kniv på seg og er meldt for dette.

– Mannen erkjente ikkje straffeskuld for forholdet. Det vil bli vidare oppfølging mot mannen i rettssystemet. Han er tidlegare meldt for liknande forhold, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.