Cecilie Korsvold Nagel og Vijaya Krishnamoorthy gler seg til å starta Brainobrain Os.
Cecilie Korsvold Nagel og Vijaya Krishnamoorthy gler seg til å starta Brainobrain Os.

Startar hjernetrening for born og unge

Born i Os skal få sjansen til å betra hukommelsen, konsentrasjonen og dermed få drastiske forbetringar i skulekvardagen når Brainobrain kjem til Os.

Brainobrain kjem frå India, og blei starta i 2003. Dei siste 12 åra har konseptet spreidd seg til 26 land. Vijaya Krishnamoorthy er dagleg leiar for Brainobrain i Noreg, og vitja torsdag Os og Fusaposten for å fortelja om kva konseptet går ut på. Med seg hadde ho Cecilie Korsvold Nagel, som skal vera ein av kursleiarane i Os, samt nokre av borna som alt er aktive i Brainobrain.

- Det er eit ferdighetsutviklings program, der abacus (kuleramme) er eit sentralt verktøy. Me trenar den logiske og den kreative delen av hjernen. Det er trening av hjernen på same måte som fysisk aktivitet er trening av musklar, seier Krishnamoorthy.

Artikkelen held fram under annonsen.

For born i 5-14-års-alderen

Då ho kom til Noreg i 2013, såg ho at mattekunnskapane til born og unge ikkje var heilt på topp. Ho tenkte at Brainobrain kan vera eit godt hjelpemiddel for hjerneutvikling også i Noreg.

- Borna får betre hukommelse, og dei blir betre på visualisering og konsentrasjon. Dette fører til betre resultat i alle fag, seier ho.

Kurset er for born i alderen 5-14 år.

- Det er då det er lettast å læra nye ting, og hjernen er i størst utvikling, fortel Krishnamoorthy.

Frå verst til best i klassen

Cecilie hadde med seg dottera Tirill (9 år), som akkurat har starta på Brainobrain. Thomas (8 år) har vore del av kurset ei stund, og har nådd nivå fire av totalt ti nivå. Dei vaksne fortel at sjølv om Tirill er eldre enn Thomas, er det guten som er den raskaste i hovudrekning, og ein racer på tal. Thomas stortrivst i Brainobrain.

- Det er veldig kjekt å vera med på. Då eg starta, var eg ikkje særleg flink i matte, men eg har jobba meg opp, og no er eg gjerne ferdig med ekstra-ark og oppgåver før dei andre i klassen min er ferdige med sine vanlege oppgåver.

På utkikk etter lokale

Det ser ut til at dei kjem til å halda hus på Nore Neset når dei startar opp i januar, men avtale om lokale er førebels ikkje heilt i boks.

- Me skal ha ein demonstrasjon 4. januar. Der dukkar Thomas opp igjen, for å visa kor god han er i hovudrekning, som følgje av utviklinga han har hatt av kurset. Måndagen etter startar me kurset, som vil vera kvar måndag heile året, seier Cecilie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusaposten fekk ein liten demonstrasjon av Thomas´ hovudrekning torsdag, og det var imponerande å sjå kor flink han var. Sjølv om Krishnamoortha leste opp for eksempel: 7 + 4 - 3 + 13 - 2 + 4 + 5 + 3 - 10, osv i stor fart, klarte guten ofte å koma fram til det korrekte svaret.