Hummaren er eit av emna det blir høve til å utvida kunnskapen om når Vinnesholmen Kystlag inviterer til temamøte tysdag 2. februar. (Arkivbilete)
Hummaren er eit av emna det blir høve til å utvida kunnskapen om når Vinnesholmen Kystlag inviterer til temamøte tysdag 2. februar. (Arkivbilete)

Startar med hummar-sex

Hummar-sex er første tema ut i det som kan bli ei ny serie temamøte frå Vinnesholmen kystlag.

- Ha, ha, ja det høyrest kanskje litt morosamt ut om ein tenkjer som menneske. Men eg har altså lurt mykje på korleis ein hann-hummar treffer ei ho, forklarer Ann-Lisbeth Agnalt.

Ho har drive med hummarforsking på Vinnes i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette vil ho fortelja meir om tysdag 2. februar når Vinnesholmen kystlag inviterer til sitt første opne temamøte i Nesjaheimen.

Alt om hummar

Agnalt er forskar ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

- Ho er svært kunnskapsrik og dyktig, seier Roger Hoel i Kystlaget.

Ann-Lisbeth Agnalt har forska på hummaren i Vinnesområdet sidan 90-talet. Ho kan så godt som alt som er å vita om det ettertrakta sjødyret, og deler villig av kunnskapen sin.
Ann-Lisbeth Agnalt har forska på hummaren i Vinnesområdet sidan 90-talet. Ho kan så godt som alt som er å vita om det ettertrakta sjødyret, og deler villig av kunnskapen sin.

I invitasjonen står det at ho kjem til å fortelja absolutt alt ein treng å vita om hummar. Noko ho langt på veg kan stadfesta.

- Eg oppdaga at eg ikkje var åleine om å lura på korleis hummaren "får det til" både fysisk og teknisk. Både fiskarar og andre hummarinteresserte har lurt på det same. Dermed byrja eg prøve å finna ut av det, og etter kvart har det blitt noko eg har jobba mykje med. Eigentleg er det ikkje noko morosamt med det, seier ho.

Men ho forstår at ein kan henga seg litt opp i det når Vinnes Kystlag har valgt å omtala temaet hummar-sex i invitasjonen.

Gode antenner

Hummaren har gode antenner kan forskaren fortelja.

- Dei kommuniserer med antennene sine. Ikkje berre dei lange som mange nok har lagt merkje til, dei har fleire. Det er desse hannen nyttar for å få kontakt med ei ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Agnalt lover å fortelja både om forskinga ved Vinnesholmen, og samtidig dela mykje lærerik infomasjon om hummar - slikt ein kanskje ikkje visste frå før.

- Eg kjem til å snakka ein del om det vi arbeider med. Dei som er interesserte kan nok læra noko nytt og få svar på forskjellig dei lurer på.

- Kva veit du om hummarbestanden rundt Vinnes no? - Når vi snakkar om bestanden er det mange variablar som speler inn. Ein må sjå på korleis hummaren vandrar. Er det ein mild og varm haust vandrar hummaren meir. Då går dei også oftare i teinene. Som for eksempel i 1997, då hadde vi ein særleg varm og god haust.

Kontrollområde

Agnal og kollegaene har følgt hummaren på Vinnes sidan 90-talet.

-Vi har sett mykje variasjon i rusene og teinene våre. Men også når det gjed annan fangst.

Vinnes er vald som kontrollområde for å sjekka mot område der det føregår havbeite, altså utsetjing av hummar, sidan det ikkje vert gjort på Vinnes.

- Vi ser etter effekten av slik kultivering. På 1990-talet gjorde vi eit eksperiment der vi merkte og gjenfanga hummar etter nokre månader, for å sjekka bestanden.

No har vi bestemt oss for å gjera eit heilt tilsvarande forsøk, med akkurat det same utstyret og på akkurat same måten. Så håper vi å få nokre svar på korleis utviklinga har vore, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marine kulturminne

I tillegg til Agnalt si hummerforsking kjem også ein foredragsholder frå Bergen Sjøfartsmuseum til temakvelden.

Arild Marøy Hansen tek med seg "skrotekassen" sin med eksemplar på gamle marine kulturminne, og skal halda eit føredrag med dette som tema.