Ferdig med 1. dose: Onsdag 31. mars vil alle over 75 år ha fått første vaksinedose.

Startar med ny gruppe: Desse får vaksine neste veke

Men vaksineringa av kritisk helsepersonell er lagt på is.

Neste veke gir Bjørnafjorden kommune 228 personar i prioriteringsgruppe 3 (75-84 år) og prioriteringsgruppe 4 (65-74 år) tilbod om 1. dose av BioNtech/Pfizer-vaksinen.

I tillegg er 42 personar kalla inn for å få 2. vaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Onsdag 31. mars vil alle i prioriteringsgruppe 3 i Bjørnafjorden ha fått første vaksinedose, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding frå kommunen.

Sakte, men sikkert: Kommuneoverlege Klaus Melf varslar at vaksineringa av kritisk helsepersonell er lagt på is på grunn av AstraZeneca-vaksinen.

— I tillegg byrjar vi på neste prioriteringsgruppe, gruppe 4 (65-74 år).

Vaksinering med AstraZeneca-vaksinen er stoppa, og vil ikkje bli starta opp igjen før FHI gir klarsignal. Dette betyr at også vaksinering av kritisk helsepersonell er lagt på is.

Korleis bestilla time?

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setja deg på venteliste til vaksinasjon.

Kommunen tek kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.

Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod, skal bestilla time.