Ole Andreas Pettersen og resten av Jadakameratene, kjem til å starta pengeinnsamling til Karanba.
Ole Andreas Pettersen og resten av Jadakameratene, kjem til å starta pengeinnsamling til Karanba.

Startar nytt innsamlingsprosjekt til Karanba

133 esker stappfulle med utstyr har dei samla inn til Karanba. Alt før eskene er sendt, vil Jadakameratene gå i gang med eit nytt prosjekt som skal syta for sårt tiltrengt kapital til den frivillige organisasjonen i Brasil.

I vår starta Jadakameratene med innsamling av utstyr som skulle sendast til Brasil med container. Fleire lokale klubbar slutta seg raskt til aksjonen. Det har også kome utstyr frå mange klubbar i Hordaland, i tillegg til nokre klubbar utanfor regionen. Sjølve innsamlinga er avslutta, og alt er no pakka ned i esker.

– 6.000 plagg har vi fått inn og 1.500 par sko. Det er blitt ganske mykje, seier Ole Andreas Pettersen i Jadakameratene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har saman med Christoffer Kobbeltvedt gått i bresjen for aksjonen. Dei to hadde ein draum om å vera i Brasil når containeren kom, men det blei med draumen.

– Diverre får vi ikkje sendt containeren. Vi kan ikkje garantera at vi får han inn i Brasil, og om han blir ståande på grensa, går dagsbøtene til Karanba som er mottakaren. Det kan føra til at dei blir slått konkurs, så det tek vi ikkje sjansen på.

Sender utstyret til Oslo

I samråd med Tommy Nilsen, som driv Karanba, har dei blitt einige om at alt utstyret no skal fraktast til lageret i Oslo.

Jadakameratene og resten av bidragsytarane fekk inn nok utstyr til å fylla 133 flytteesker med utstyr.
Jadakameratene og resten av bidragsytarane fekk inn nok utstyr til å fylla 133 flytteesker med utstyr.
Det var Jadakameratene som starta innsamlingsaksjonen, men mange lokale klubbar melde seg raskt på. Tidlegare i sommar viste representantar frå Søre Neset, Os, Øyglimt, Jadakameratene og Søfteland litt av alt dei hadde samla inn.
Det var Jadakameratene som starta innsamlingsaksjonen, men mange lokale klubbar melde seg raskt på. Tidlegare i sommar viste representantar frå Søre Neset, Os, Øyglimt, Jadakameratene og Søfteland litt av alt dei hadde samla inn.

– Dette er ei god nummer to-løysing. Dei har tilgang på utstyret, og det kan fraktast frå lageret når Tommy eller andre er på besøk i Oslo. Med utstyret vi har samla inn, er dei sikra fast tilgang dei neste fire, fem eller seks åra, seier Pettersen.

Når utstyret er sendt av garde til Oslo, kjem Jadakameratene til å starta ein ny aksjon. Pettersen fortel at Karanba slit med økonomien, og at dei har måtta seia opp tilsette.

– Økonomien er på botn, og dei slit med den daglege drifta. Vi vil starta innsamlingsaksjon i næraste framtid. Wang Toppidrett i Oslo skal gjera det same, fortel Pettersen.

– Alt hjelper

Det er i førsteomgang ikkje planlagt noko dør til dør-aksjon, men dei vil heller kontakta verksemder og enkeltpersonar direkte.

– Karanba har sydd saman sponsorpakkar. Om nokon vil hjelpa med ti kroner eller ein 50-lapp, så er det flott. Alt hjelper. Vi kjem til å leggja ut informasjon på Facebook-gruppa«Innsamling til Karanba», og vi kjem kanskje til å oppretta ei ny Facebook-gruppe i tillegg. Snart er det styremøte i Jadakameratene, og vi ser føre oss å bidra med ein sum. Det er born vi driv for. Borna i Brasil er like som våre born, men dei eig gjerne ikkje nåla i veggen, så dei treng dette tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolte

I samband med innsamlingsaksjonen har Pettersen og Kobbeltvedt blitt godt kjent med prosjektet i Brasil.

– Vi ser korleis Karanba løfter born og unge ut av ein håplaus situasjon der narkotikasal og kriminalitet er den sikraste levevegen. Vi ønskjer å støtta Karanba med det vi kan. Vi vil synleggjera Karanbas Vipps-nr. slik at folk kan gje eit beløp. Vi vil også høyra med verksemder om dei vil inngå i Karanbas sponsorat, seier Kobbeltvedt.

Jadakameratene vil altså halda fram med å følgja opp den frivillige organisasjonen i Os.

– Er de stolte av det de har fått til i innsamlingsaksjonen til Karanba, som er den største noko sinne?

– Det er vi, seier Pettersen og held fram:

– Vi er stolte av alle som har vore med og bidrege. Det er mange som har hjelpt til, både med å fylla og å pakka dei 133 fulle flytteeskene som no skal til Oslo, før dei etter kvart hamnar i Brasil.

Om Karanba:

Karanba er ein frivillig drifta organisasjon med hovudbase i ein av dei fattigaste bydelane i Rio, São Gonçalo, med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Gjennom ti års arbeid har Karanba utvikla skule/utdanningstilbod, yrkesopplæring og arbeidsformidling i bydelen, med fotball som utgangspunkt.