Eitt av fleire: – Dette kurset er eitt av fleire tilbod vi vil lansera i løpet av nærmaste framtid, fortel konstituert einingsleiar Maria Therese Bjørdal. Foto: Kenneth Svenningsen

Startar opp nytt psykisk helse-tilbod: - Eitt av fleire tilbod som vil bli lansert

Startar kurs for personar over 16 år.

Eining for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune startar no opp eit kurs for personar over 16 år som slit med den psykiske helsa, til dømes nedstemtheit, angst, stress eller låg sjølvkjensle. Kurset er eit gruppetilbod basert på kognitiv terapi, og går over fem måndagar i oktober og november. Tilbodet er gratis.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– Dette kurset er eitt av fleire tilbod vi vil lansera i løpet av nærmaste framtid, fortel konstituert einingsleiar Maria Therese Bjørdal.

– Tilboda er retta mot deg som er i ein vanskeleg livssituasjon, med lette til moderate psykiske helseutfordringar. Ved behov for akutt psykisk helsehjelp, skal du ta kontakt med fastlegen eller legevakta, legg ho til.