Kommunen tek kontakt: Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setja deg på venteliste til vaksinasjon.

Startar på nyåret: Slik vert vaksinasjonen i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune forventar å kunna starta opp vaksinasjon mot covid-19 i starten av januar 2021.

Kommunen opplyser på sine heimesider at personar i målgruppene vil få SMS eller automatisk talemelding med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar.

– Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setja deg på venteliste til vaksinasjon. Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen veit per i dag ikkje nøyaktig tidspunkt for når dei mottar dei første vaksinedosane, men planlegg for oppstart tidleg i januar 2021.

Førebels prioritert rekkefølgje

I påvente av tilstrekkeleg mengde vaksinedosar, har regjeringa gitt følgjande prioritering for vaksinering, basert på råd frå Folkehelseinstituttet:

1. Bebuarar i sjukeheim

2. Personar over 85 år

3. Personar 75-84 år

4. Personar 65-74 år og personar 18-64 år med tilstander som gir høg risiko for alvorleg sjukdom:

Organtransplantasjon, immunsvikt, hematologisk kreftsjukdom siste fem år, annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift), nevrologiske sjukdomar eller muskelsykdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon, kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

Deretter gjeld denne førebelse prioriteringa:

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Personar 55-64 år med disse sjukdomane/tilstandane:

Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon, immundempande behandling ved autoimmune sjukdomar, diabetes, kronisk lungesjukdom (anna enn velregulert astma), fedme med kroppsmasseindeks (KMI på ≥ 35 kg/m2 eller høgare), demens, kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk), hjerneslag. Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nemnt i lista over, kan også gi auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette blir vurdert individuelt av lege.

6. Personar 45-54 år med dei same sjukdomar/tilstandar som er lista opp i punkt 5

7. Alder 18-44 år med dei same sjukdommar/tilstandar som er lista opp i punkt 5

8. Alder 55-64 år

9. Alder 45-54 år

For meir informasjon, sjå nettsidene til kommunen.

Det vil bli massevaksinasjon på to stader i kommunen: På Os-sida ved «gamle» Oshallen på Kuventræ. På Fusa-sida ved Eikelandsosen helsestasjon på Fjord'n senter. Ved større vaksineleveransar, vil vaksinasjonen i Fusa skje ved Fjorden Arena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader vil bli vaksinerte der dei bur.