Ikkje langt frå Lønningdal (nedom Rødsliane) ligg Bolaks sitt anlegg Aldalen.
Ikkje langt frå Lønningdal (nedom Rødsliane) ligg Bolaks sitt anlegg Aldalen.

Startar produksjon av stamfisk i Os

Bolaks endrar anlegget i Lønningdal frå matfisk-oppdrett til stamfisk.

Sidan anlegget ligg plassert i eit område som er sett av til akvakultur og det tidlegare er gjeve oppdrettsløyve på staden, vert det ikkje sendt inn ny søknad til Os kommune.

Det vert det einaste stamfiskanlegget Bolaks AS har i Os, då dei to andre er lokaliserte i Fusa. Det eine av desse skal snart leggjast ned, og det andre har avgrensa produksjonskapasitet. Dette ligg bak nysatsinga i Samnangerfjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lus og PD på staden

Aldalen har hatt problem både med for mykje lakselus og Pankreassjukdom (PD). Sjukdommen fører til at fisken sluttar å eta, og etter 2-3 veker dør han. Han får skadar i musklane, og redusert slaktekvalitet fører til at oppdrettarar tapar pengar. Dette var eit problem både i 2010 og i 2012. Lus over tiltaksgrensa var eit stort problem på lokaliteten i 2012 og 2014. På dåverande tidspunkt var det eit anna oppdrettsfirma som dreiv i Aldalen. Etter at Bolaks tok over har det berre vore éi overskriding av lusegrensa, den fann stad på fisk utsett i 2015.

God på botnen

På den andre sida er det gjennomført ei miljøundersøking i januar 2015 for å finna ut om botntilhøva under anlegget var påverka av drifta. Rådgivende Biologer fann ut at botnen var i svært god tilstand.

Mattilsynet gjev etter ei samla vurdering Bolaks løyve til å produsera 1560 tonn stamfisk på staden på to vilkår. Oksygenmengda må kontinuerleg loggast, og drifta skal koordinerast med naboanlegget Skavhella.