Vaksinering: Kommunen vil setja opp fleire datoar etterkvart dersom det vert behov.

Startar vaksinasjon av fem-åringar neste veke

Men berre dersom begge foreldra gjev skriftleg samtykke.

Kommunen opplyser i dag på si heimeside at born mellom 5 og 11 år kan få to dosar koronavaksine, dersom dei føresette og barnet sjølv ønskjer det.

Begge foreldra må samtykka skriftleg på eit eige samtykkeskjema. Dette skjemaet må ein ta med til vaksinering. Minst éin av foreldra som har underteikna skjemaet, må følgja barnet dit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det fyrste tidspunktet som er sett opp, er torsdag 3. februar frå klokka 14 og 18.

Barneversjon av Pfizer

På Osøyro vil det vera oppmøte i Ung Arena, og i Eikelandosen på Fjord'n senter.

For sistnemnde vil sjølve vaksinasjonen skje på helsestasjonen, og det er helsesjukepleiarar frå kommunen som set vaksinane.

Det er ein eigen barnedose av Pfizer-vaksinen som har blitt godkjend til bruk for denne aldersgruppa.

Det er dei nasjonale styresmaktene som har bestemt at born som har fylt fem år no skal få moglegheit til å ta vaksine mot covid-19. Samtidig vert ikkje aldersgruppa oppmoda til eller anbefalt å vaksinera seg.

Du kan bestilla vaksine-time via helsenorge.no eller på telefon 913 58 649.

Vaksinen er særleg aktuell for desse

I følgje FHI gir éin dose best balanse mellom nytte og ulempe for born i alderen 5 til 11 år, men det er mogleg å gi dose to til barnet dersom føresette ønskjer dette (12 veker anbefalt intervall).

Vaksinen er særleg aktuell for:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Born med kroniske sjukdommar

* Born i familiar som har nær kontakt med personar med særleg behov for vern

* Born som har auka risiko fordi dei skal opphalda seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller born som av andre grunnar lever i ein svært utsett situasjon.