Snakk om standsmessig start på "ny tid" i nye lokale. Statsminister Erna Solberg erklærte laurdag føremiddag «Os og Fusaposten» sine nye lokale i Legangerbygget for opna.
Snakk om standsmessig start på "ny tid" i nye lokale. Statsminister Erna Solberg erklærte laurdag føremiddag «Os og Fusaposten» sine nye lokale i Legangerbygget for opna.

Statsministeren opna «Os og Fusapostens» nye lokale

Laurdag opna «Os og Fusaposten» sine nye lokale i Legangerbygget. Til å klippa snora kom statsminister Erna Solberg.

I samband med valkampen vitja statsminister Erna Solberg i føremiddag Os Høgre sin stand på Osøyr. Her prata ho om skulepolitikk, samferdsle og at ho faktisk sat i Bystyret i Bergen då nye E39-traseen Svegatjørn - Rådal vart vedteken.

- Det var faktisk i 1988. Det har teke si tid, sa statsministeren til humring blant dei mange fammøtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storfint besøk

Med god hjelp frå varaordførar Marie Lunde Bruarøy hadde statsministeren og hennar følgje også sett av tid til å vitja «Os og Fusaposten» sine nye lokale.

- Me måtte jo syta for at de fekk ei standsmessig opning, smilte Bruarøy.

Kort tid etter kom Erna og borna til varaordføraren, samt eit tog av vakter og høgrerepresentantar opp trappa til lokala.

Statsminister Erna Solberg prata om skulepolitikk då ho vitja Os Høgre sin stand på laurdag.
Statsminister Erna Solberg prata om skulepolitikk då ho vitja Os Høgre sin stand på laurdag.
Marie Lunde Bruarøy, Jostein Halland og Erna Solberg diskuterer kva som er ein lokalavsis største og mest viktigaste oppgåve.
Marie Lunde Bruarøy, Jostein Halland og Erna Solberg diskuterer kva som er ein lokalavsis største og mest viktigaste oppgåve.

Der vart statsministeren teken imot av redaktør Jostein Halland, og klinte deretter til med ein feiande flott, høgst improvisert, opingstale, før ho klipte snora.

- Viktig rolle

Solberg, som voks opp i Fana, har sjølv erfart at lokalaviser er viktige for lokalsamfunnet. Ho håpa at Halland kunne lova henne å ta vare på det nære og det lokale.

- Du veit, i Oslo er det ikkje lokale nyheiter berre riksnyheiter. Det spesielle og viktige for lokalavisene er å dekka dei små og nære hendingane. NTB-stoff er forbode, smilte Solberg.