(Illustrasjonsfoto)
(Illustrasjonsfoto)

Statsrådar søkjer bedrifter frå Os og Fusa

Næringsminister Monica Mæland og fiskeriminister Per Sandberg tømmer Nærings- og fiskeridepartementet for byråkratar. I oktober blir alle tilsette sendt ut i landet på bedriftsbesøk for å få tettare kontakt med næringslivet, men først treng dei ein invitasjon - gjerne frå Os og Fusa.

- Vi vil ha innspel frå "norsk" næringsliv. Det er viktig for arbeidet vi gjer at vi får høyra om utfordringane næringslivet møter. Difor ber vi om at bedrifter frå Os og Fusa og resten av landet inviterer tilsette i departementet på besøk, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Omstilling og utfordringar

Ei veke kvar haust sender Nærings- og fiskeridepartementet alle tilsette ut i landet på bedriftsbesøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets besøk skjer mellom 24. og 28. oktober.

Temaet for besøket i år er «Omstilling og utfordringar i norsk næringsliv». Store omstillingar vil prega Noreg i tiåra som kjem. Oljeaktiviteten vil framleis vera ein sterk motor i norsk økonomi, men norsk næringsliv treng fleire bein å stå på.

- For å møte desse omstillingane, og gripa sjansane endringane gjev oss, treng vi fornying, og fleire nye, innovative verksemder, seier Mæland.

Håpar på innspel

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) seier at norsk sjømat er viktig i åra som kjem.

- Norsk sjømat kjem til å bli viktigare enn nokon gong. Vi håpar mange bedrifter vil nytta høve til å komme med innspel til vårt arbeid og regjeringas politikk, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).