Stengd: Sørgåande løp i Lyshorntunnelen og Råtunnelen er stengd grunna tekniske problem.

Var stengd grunna tekniske problem. Har opna att

Sørgåande løp av Lyshorn- og Råtunnelen var stengd måndag formiddag.

Saka blei oppdatert klokka 11.30.

Måndag formiddag blei sørgåande løp i både Rå- og Lyshorntunnelen stengd grunna tekniske problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ken Ove Holm fortalde at elektrikarar held på med vedlikehald, då tunnelane blei stengde.

— Per no, veit ikkje vi kva som er skjedd. Men vi håpar at dei skal opna like snart som dei stengde ned. Det er omkøyringsmoglegheiter på gamle E39, opplyste Holm til Os & Fusaposten.

Det gjekk ikkje lang tid før motorvegen var open for trafikk i begge retningar igjen.