Stengd på kontoret: Anders Opsal (t.v.) her saman med Kjartan Svendsen, fortel at publikum ikkje vil kunna koma innom i næraste framtid, men at politiet vil vera tilgjengeleg på telefon.

Stengjer politistasjonen — men ikkje permanent

Vil framleis vera tilgjengelege.

Politiet har fornya leigekontrakten på Fjord´n Senter i Eikelandsosen. Tenestestadsleiar ved politistasjonen, Anders Opsal, fortel at det i samband med forlenginga av avtalen skal utførast arbeid i lokala.

— Det blir oppussing. Vi blir difor stengd i to og ei halv veke, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opsal fortel vidare at dei sjølvsagt ikkje vil gjera seg utilgjengelege for publikum i perioden.

— Det er råd å nå oss på telefon. Vi vil også vera ute og farta, så folk må gjerne koma bort og snakka til oss. Men dei fysiske lokala er altså ikkje tilgjengelege igjen før i slutten av april, seier han.