Det vart ein heit og tøff duell mellom Terje Søviknes og Nils-Anders Nøttseter i Os & Fusaposten sin valdebatt i Tunet torsdag kveld.
Det vart ein heit og tøff duell mellom Terje Søviknes og Nils-Anders Nøttseter i Os & Fusaposten sin valdebatt i Tunet torsdag kveld.

Sterke reaksjonar på at Nøttseter forlèt valdebatt for å gå på yoga

Nils-Anders Nøttseter var tøff i duellen med Terje Søviknes, men i sosiale medium får ordførarkandidaten tyn for å ha forlate debatten etter halvgått løp.

Til sitt forsvar seier MDG-politikaren at innkallinga til Os & Fusaposten sin debatt kom vel seint, og at han for lenge sidan hadde inngått ein avtale nettopp denne dagen. At det i ettertid viste seg å vera ein yogatime, får politiske motstandarar til å reagera.

Nytta innbytar

På si eiga Facebookside skriv Nils-Anders følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde nemleg ein annan avtale. Eg gjekk til ein lenge planlagt yogatime. Du kan le om du vil, det er greit, men les gjerne resten for å forstå kvifor.

Vidare går han inn på at fysisk forstring er viktig for ein kvar, og at MDG ikkje berre har éin god kandidat, men fleire, og at Torgeir Skjælaaen var hans «innbytar» denne kvelden.

Alt til si tid

Høgres Marie Bruarøy er blant dei mange som kritiserer Nøttseter sterkt for prioriteringa denne kvelden.

– Det går an å ta vare på helsa utan at ein forlèt ein særs viktig debatt, den siste før valkampen. Det klarar både eg og dei andre politikarane som står på val, skriv ho i ein kommentar under Nøttseters Facebook-innlegg.

Duelleant Terje Søviknes, tek hardare i:

– Dette meiner eg er direkte respektløst Nils-Anders - stikka av for en privat yogatime akkurat den timen ordførerkandidatene skulle diskutera samarbeidskonstellasjonar og ordførervalget i årets hovuddebatt i Bjørnafjorden?

Forsvarar kandidaten sin

Både Tine Bøe Buer og Marie Hauge forsvarar kandidaten sin i tråden.

– Som ordførar-kandidat talar den enorme arbeidsinnsatsen hans dei fire siste åra for seg. Han er truleg den mest hardtarbeidande politikaren i Os. For meg er dét respekt, og eg klarar verkeleg ikkje å hissa meg opp over at han overlèt stolen til ein annan sentral MDG-politikar den siste timen. Det blir så smått, skriv Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no