Fleirtalet av politikarane meiner at køyring med vasscooter ikkje bør vera underlagt særreglar, men at reglane som gjeld på sjøen generelt er godt nok. (Illustrasjonsfoto)
Fleirtalet av politikarane meiner at køyring med vasscooter ikkje bør vera underlagt særreglar, men at reglane som gjeld på sjøen generelt er godt nok. (Illustrasjonsfoto)

Sterkt ueinige om vasscooter-reglar

Bråkete, sjenerande og skadeleg for fuglelivet. Eller uskuldig vassport og hendig framkomstmiddel? Politikarane var usamde.

Fram til 2013 var det totalforbod mot bruk av vannscooter i Noreg. Einaste unntaket var dersom kommunen sjølv hadde opna enkelte område for trening. I Os var området utanfor Askvik eit slikt godkjent område. Deretter vart det opna opp for dette, men framleis med ei forbodsgrense 400 meter frå land, og for vassdrag og innsjøar - 500 meter frå land. I denne sona har det vore lov å køyra, men berre under 5 knops fart.

Administrasjonen: Regelverk dårleg tilpassa Os

Slike reglar har vore nedfelt i vannscooterforskrifta. No er det føreslått å oppheva også denne forskrifta, slik at dei vasscooterane vert underlagt same reglar som andre fritidsfartøy på sjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bakgrunnen er at det i dag finst ulike fartøy med liknande eigenskapar som vasscooter, både når det gjeld fart og støy. Det er difor unaturleg å ha eit eige regelverk som berre gjeld vannscooter, heiter det i saksopplysningane frå administrasjonen.

Administrasjonen rådde politikarane til å stø framlegget om å fjerna forskrifta. Dei viste mellom anna til at forbodsgrensa på 400/500-meter er vanskeleg med den topografien som Os har.

Politisk usemje

Arbeidarpartiet var ueinige med administrasjonen.

- Det er ein grunn til at denne forskrifta vart laga. Her legg ein opp til at det vil bli gnissingar mellom dei som vil bruka naturområde til rekreasjon og dei som vil køyra fort og bråka mykje. Det vil også vera skadeleg for dyrelivet i skjergarden vår, sa Helge Steinum (Ap).

Ståle Skaatun (H) sa at det for alle farkostar på sjøen gjeld ei maxgrense på 5 knop ved land, og at dette difor vert ivareteke av anna regelverk.

Jonn Garvik (Frp) sa at det finst ei rekkje køyretøy som bråkar like mykje eller meir enn vasscooterar, og at det ville vera urettferdig om ikkje same støykravet skulle gjelda for alle.

Råkøyring og politimangel

Tone Hepsøe (Ap) innvendte at for ein større båt med kraftig motor var støyen meir akseptabel.

- Båtane kjem frå eit punkt og skal til eit anna. Då kan du forholda deg til at støyen er forbipasserande. Men vasscooterane vert verande og køyrer i åttetal, i 40-50 knop, slik at støyen er til plage i lenger tid. Samanlikninga med andre køyretøy som bråkar like mykje, er difor ikkje heilt samanliknbar, sa Hepsøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men det er ikkje lov å køyra slik som du referer til at enkelte vasscooterførarar gjer, sa Jonn Garvik.

- Nei, men det blir gjort likevel, repliserte Hepsøe.

- Ja, men det er alt reglar for det. Så det er ikkje naudsynt å laga særreglar for vasscooterar. Ein må heller handheva dei reglane som faktisk er der.

Marie Bruarøy (H) sa at det er alt for lite nærvær av politi på sjøen, og at Os kommune bør gå i dialog med politiet når det gjeld korleis dei vil handheva reglane som gjeld på sjøen vidare.

- Når det er sagt, er det ikkje slik at dei som brukar vasscooter berre driv med leik og tull og fanteri. Det er faktisk ein del som brukar det som eit fornuftig framkomstmiddel, sa Bruarøy.

Kjem lokalt regelverk

Frå administrasjonen si side heitte det at: "Om lovforslaget blir vedtatt, vil administrasjonen leggja fram ei eiga sak for politisk handsaming med forslag til lokale retningslinjer for Os kommune. I arbeidet med å utforma lokale retningslinjer vil omsynet til fritidskøyretøy på sjø måtta vurderast opp mot ulike friluftsinteresser og omsyn til fastbuande/hytteeigarar i området".

Helge Steinum meinte at det hadde vore greitt å ha desse lokale retninglinjene på bordet samtidig med høyringsuttalen. Fleirtalet meinte derimot at det først vil vera naturleg når og dersom lovframlegget går gjennom.

Frp/H og Venstre røysta deretter for å fjerna forskrifta, medan MDG og Ap røysta mot.