Stigande smittetal: I neste veke vil truleg 80 prosent av koronatilfella vera omikron-varianten.

Stigande smittetal: Halvparten av tilfella er omikron

Sist veke vart det registrert 75 nye smittetilfelle, mot 62 veka før.

Kommunen melder i dag at koronasmitten igjen er stigande etter ein nedgang og utflating gjennom jul og nyttår.

Smittetala aukar også sterkt i nabokommunane til Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvparten av tilfella er truleg omikron. I løpet av neste veke vil dette truleg auka til 80 prosent.

— Omikron er i ferd med å ta over, sjølv om vi framleis ikkje har fått nokon voldsom smitteauke etter nyttår. Smittetala har auka svært mykje i fleire nabokommunar, og då reknar vi med at det kjem til å skje også hos oss, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Desse er smitta:

23 born/unge under 18 år (31 prosent av dei smitta):

* 7 prosent i barnehagealder

* 8 prosent i barneskulealder

* 4 prosent i ungdomsskulealder

* 12 prosent elevar i vidaregåande skule

52 vaksne (69 prosent av dei smitta):

Artikkelen held fram under annonsen.

* 68 prosent i alderen 18-64 år

* 1 prosent over 65 år

Vaksinestatus og smitteveg

12 prosent av dei smitta har fått tre vaksinedosar, 63 prosent har fått to vaksinedosar, 5 prosent har fått éin vaksinedose og 20 prosent er uvaksinerte.

81 prosent har kjend smitteveg (dei fleste er smitta i husstanden) og 19 prosent har ukjend smitteveg.

Både test- og smittesporingskapasitet er god.

Det vart teke 319 PCR-testar sist veke, mot 320 veka før.

Fare for manglande kapasitet

Kommuneoverlegen opplyser at det framleis er eit stort press på tenestene.

Det er ingen utbrot i institusjonar, men kommunen har utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi veit enno ikkje korleis omikron vil utvikla seg. Dersom det kjem ei omikronbølgje av eit slikt omfang som FHI tidlegare har varsla om, vil vi få store kapasitetsutfordringar.

Kommuneleiinga fylgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane, Statsforvaltar og helseføretak for å samordna tilrådungar og tiltak.

Stort sjukefråvær

Tilgangen til personell og kritisk kompetanse er samla sett utfordrande. Det er stort sjukefråvær og press på tenestene.

Pleie- og omsorgstenestene har måtta ta ned tenester for å ha nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleia. Frivillige frå sanitetsforeininga hjelper til på sjukeheimane.

Fastlegemangelen er kritisk - og det får konsekvensar for andre tenester, som legevakta.