Stille og roleg nyttårsfeiring

Politiet kan melda om ei stille og roleg nyttårsfeiring på Os og i Fusa. Unntaket var ein fest dei måtte stansa i Lysefjorden.

– Det er ikkje mykje å melda om frå dykkar område. Politiet i Os og Fusa har hatt ei roleg natt, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Hans Erik Thue.

Det einaste han har å melda er eit fest-stoppings-oppdrag i Lysefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Klokka 03.11 fekk politiet i Os melding om agressive festdeltakarar på ein fest i Lysefjorden. Politiet var ute på staden og fekk roa gemytta, men kort tid etter var det nytt bråk å melda frå same adresse. Då løyste politiet situasjonen over telefonen, fortel Thue.

Han utelukkar ikkje at saka blir følgd opp.

– Elles har det altså vore stilt og roleg i Os og Fusa. Det er meir enn me kan seia om her i Bergen. Her har politiet hatt ei langt meir travel natt, humrar Thue.