(
(

Stoppa bråk mellom to rusa personar

Politiet rykte i går kveld ut etter å ha fått melding om bråk mellom to personar i eit husvære i Eikelandsosen.

– Meldinga kom i 20-tida. Ein av dei impliserte melde frå til oss. Patruljen rykte ut og ordna opp. Ein mann blei køyrd til byen i drukkenskapsarrest, seier politioverbetjent Ove Ivarhus.

Vedkommande er meldt for ordensforstyrring.