To i ein: To personar på éin moped fekk kvar sitt gebyr laurdag kveld.

Stoppa éin moped — delte ut to førelegg

Laurdag blei ein moped stansa i nærleiken av Moberg. Der viste det seg å vera fleire ting som ikkje var heilt etter boka.

Det var laurdag kveld i 23-tida at politiet stoppa ein moped i nærleiken av Moberg. I ein e-post opplyser politiet at det blei delt ut eit par forenkla førelegg.

— Eitt gebyr til passasjeren, for ikkje å ha på seg hjelm, og eitt gebyr til føraren for å ha passasjer. Begge to var mindreårige, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.