Arkiv
Arkiv

Stoppa med cannabis

To menn på 18 og 19 år frå Os er sikta for bruk av cannabis.

Det var i går kveld at politiet stogga ein bil i Hagavik etter mistanke om bruk av narkotika. I bilen sat ein 18- og ein 19-åring. Begge erkjende bruk av cannabis.

I tillegg vart det funne tre gram av stoffet på den eine av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge er no sikta for bruk, og sistnemnde er i tillegg sikta for innehav. Begge mennene er busette i Os.

Hegglandsdalen

Eit førarkort rauk då UP gjennomførte ein kontroll i Hegglandsdalen fredag morgon. Vedkomande bilførar, ein mann i midten av 30-åra, heldt 82 kilometer i timen i 50-sona.