Eksos: Bilføraren i Bergegrend skal ha køyrd med såkalla «frieksos».

Stoppa med «frieksos» i Bergegrend

Ein ung bilførar fekk streng beskjed frå politiet i Fusa måndag morgon.

Ein patrulje frå Fusa politistasjon i Eikelandsosen, kom måndag morgon over ein bil med «frieksos» (hol på eksosrør eller eksospotte) i Bergegrend.

Truleg bråka det noko heilt hinsides.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilføraren, ein mann i slutten av tenåra, vil få innkalling til teknisk kontroll hos Statens Vegvesen.

Det opplyser politioverbetjent Anders Opsal.