Promillekontroll på Halhjem: Politiet gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai måndag .

Stoppa med “lågpromille”. Mista ikkje førarkortet

Det er oppretta sak etter at ein mann i 50-åra blei stoppa med lågpromille måndag.

Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai i tidsrommet 08.50-09.45 måndag morgon.

46 sjåførar blei kontrollerte. Av desse, var det éin sjåfør som blåste raudt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det medførte i dette tilfellet ikkje førarkortbeslag, men det er oppretta sak.

— Opp til 0,5 i promille vert klassifisert som lågpromille. Det blir i kvart enkelt tilfelle gjort ei vurdering av sjåføren. Om personen framstår sløv og/eller rusa ved 0,5 i promille, vil ein sjølvsagt ta frå han førarkortet, fortel politioverbetjent Christine Grindstein ved Bjørnafjorden politistasjon.

I utgangspunktet er det slik at om ein blir stoppa med promille mellom 0,2-0,5, skal ikkje dette medføra tap av førarrett.

Ein kan mista førarretten i slike tilfelle, om den er på prøve, eller om det ligg føre skjerpande omstende.