Endrar seg: Kartet viser at skogbrannfaren aukar dei neste dagane. Her er eit utsnitt som viser utviklinga dei neste dagane på Os-sida av kommunen.

Stor fare: I dag er det gult farevarsel i Vestland. Dette endrar seg dei neste dagane

Brannvesenet åtvarar, og melder at berre store mengder regn kan redusera brannfaren i terrenget.

Det er i dag gult farevarsel for skogbrann i Vestland. 110 Vest skriv på Twitter at dei ser mest på varselet for gras- og lyngbrannar og at det lyser raudt — noko som tyder stor fare.

Fare for brann: Det er i dag fare for gras- og lyngbrannar i store delar av Bjørnafjorden kommune.

— Berre store mengder regn kan redusera brannfaren i terrenget no. Vêr forsiktig med all bruk av eld ute i naturen, skriv 110 Vest på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har lagt ved ei lenke til skogbrannfare.met.no, og Final Fuel Moisture Code (FFMC). Denne er del av den generelle skogbrannfareindeksen, og skildrar innhald av fuktigheit i vegetasjon som har røter hovudsakleg i det øvste jordlaget — som til dømes gras og lyng.

I kartet lyser det raudt over store delar av kommunen dei neste dagane. Meldinga strekkjer seg frå i dag og to dagar fram i tid.

Mindre fare: Det er mindre fare for skogbrann på Fusa-sida dei neste dagane, ifølgje denne indeksen.

Det finst også ein indeks for skogbrannfare. Denne viser grønt, gult og oransje for Os-sida av kommunen i dag. Grønt tyder liten fare, gult noko fare og oransje er fare. Frå onsdag av, er store delar av Os-sida gått over til raud-markering i kartet.

På Fusa-sida går det frå i hovudsak gult til oransje dei neste dagane.

Skogbrannfaren blir berekna basert på informasjon om temperatur, fuktigheit, nedbør og vind.

På nettsida blir ein beden om å følgja råd frå lokale styresmakter, då skogbrannfareindeksen er eit hjelpemiddel i ei totalvurdering av den lokale skogbrannfaren.

Farevarsel og åtvaringar frå lokale styresmakter vil alltid overstyra indeksen og skal takast omsyn til, sjølv ved låg skogbrannfareindeks. Då er gjerne dei faktiske forholda meir utfordrande enn det skogbrannfareindeksen viser, skriv Meteorologisk institutt