Det er mange som synes det er kjekt å køyra på tur i lag med andre i Os.
Det er mange som synes det er kjekt å køyra på tur i lag med andre i Os.

Stor interesse for motorsykkelklubb i Os

Ambisjonen var å samla 50 syklar til vårmønstring i april. Det var null problem.

Øystein Grytøyr oppretta Facebooksida for Bjørnafjorden motorsykkel for to veker sidan. Så langt har gruppa over 100 medlemer.

- Eg har sjølv tre born under seks år, og då er det ikkje slik at ein berre kan hiva seg på sykkelen når ein har lyst, fortel Grytøyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor køyrde han mange turar åleine, og kjende at han hadde lyst til å få fleire med på organiserte turar.

- Eg tenkte at det sikkert var 10-20 motorsyklistar rundt i bygda som var interesserte i å samlast. Eg hadde inga aning om at interessa var så stor som dette, seier han.

Alle som har motorsykkel kan bli medlem av klubben.

- Det kan jo vera kjekt å treffa andre med same interessa, seier han.

Vårmønstring

14. april skal klubben ha vårmønstring i Vognhallen på Os. Planen er rett og slett å møtast, stilla ut syklane og preika litt før dei køyrer seg ein liten tur, fortel han.

- Eg hadde håpa å samla rundt 50 syklar, men no ser det jo ut til at vi kan bli mange fleire enn det, seier Grytøyr.

post@osogfusa.no