På grunn: Ein båt gjekk på grunn ved Vedholmen. Båt og personar på biletet er ikkje identiske med dei hendinga skjedde med.

Stor utrykking til båt ved Vedholmen

Politi, brannvesen og ambulansebåt rykte laurdag klokka 12.06 ut til ein båt som hadde gått på grunn.

— Det vart sett inn ein del ressursar med ein gong meldinga kom, og både politi, brannvesen og ambulansebåt rykte ut til staden, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth.

Hendinga var ikkje så dramatisk som naudetatane først trudde. Ingen av dei to personane i båten var skadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Båten kom raskt av grunnen, utan vidare skadar, opplyser Juulseth, og legg til at han køyrde vidare sjølv.

Det er ikkje mistanke om høg fart eller køyring i rusa tilstand, og politioverbetjenten fortel at hendinga framstår som ei ulukke.

Rusa jente måtte hentast

Fredag ettermiddag i 18-tida vart det meldt om ein ungdomsgjeng utanfor Amfisenteret. Patruljen reiste til staden.

— Ei jente var spesielt påverka, og hadde behov for ekstra tilsyn , fortel Juulseth.

Foreldra til jenta vart varsla og henta ho.

Seinare, natt til laurdag klokka 05.00, vart det også meldt om ei vaksen kvinne som framstod synleg rusa.

— Politiet fekk melding om ei kvinne som skal ha sovna på fortauet ved Esso-stasjonen, seier politioverbetjenten.

Patruljen rykte ut og fekk kvinna på beina. Ho skal ha kvikna til, og reiste heim i ein taxi.

Artikkelen held fram under annonsen.

For hard på gassen på Lyseklostervegen

Natt til laurdag klokka 01.36 observerte patruljen ein bil som køyrde raskt i 50-sona på Lyseklostervegen, i retning Ulven.

— Bilen vart stansa og førar fekk ei åtvaring, seier Juulseth.

Det er ikkje mistanke om rus.

Mindre steinras

Like ved Drange bruk på Drangsvegen vart det søndag klokka 13.34 meldt om at det hadde falle ned mindre steinar på vegen.

Vegtrafikksentralen vart varsla, og vegen vart rydda kort tid etter.