I dag tidleg blei det oppdaga ei vasslekkasje i Nore Neset-hallen. (Arkiv
I dag tidleg blei det oppdaga ei vasslekkasje i Nore Neset-hallen. (Arkiv

Stor vasslekkasje i Nore Neset-hallen

Brannvesenet jobbar med å få stoppa lekkasjen, som blei oppdaga av reinhaldaren i dag tidleg.

- Det er seks avløypsrøyr som går ned frå taket i hallen, eitt til kvart hjørne og to i midten. Det er eitt av dei sistnemde som er gått tett, og som gjer at vatnet renn på utsida av røyret, seier vakthavande befal i Os brannvesen, Terje Håvardstun.

Då Os & Fusaposten snakka med Håvardstun i 06.30-tida, fortalte han at han håpa at dei snart klarte å stoppa lekasjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det ser ut som at vi er i ferd med å få stoppa det. Vi bruker lift og er på taket med vassugar. Det er vatn i ventilasjonen, på tribunen, på dekket i hallen og i garderobane. Taket i garderobane er svulma, og plater dett ned, seier Håvardstun og legg til:

- Vi får berre ikkje håpa at dekket i hallen blir øydelagt. Eg veit ikke korleis det er bygd opp, så eg veit ikkje om det tek skade av dette. Førebels ser det greitt ut.

Brannvesenet vil gå i gang med å få tørka opp så snart som mogleg.

- Det går nok nokre timar med byggtørkarar. Det blir ingen aktivitet i hallen i dag i hvert fall, seier Håvardstun.