Politi: Det skal ikkje vera snakk om personskade etter uhellet på Skeisflaten.

Store materielle skader etter front mot front på Skeisflaten

To personar og to bilar er involvert.

Klokka 8.52 vart det meldt om ei trafikkulukke på Skeisflaten.

Det skriv Vest Politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

To bilar og to personar var involvert, men det skal ikkje vera snakk om personskade så langt.

Begge førarane var vakne og bevisste.

Det er meldt om store materielle skader på bilane.

På FV 5152 ved Nore Neset skule er det redusert framkomst på grunn av trafikkuhellet.