Kjem ikkje forbi: Ingen kjem forbi før kranbilen er komen og får fjerna dei store steinane.

Store steinar har rasa ut på Drange: – Takksam for at det ikkje skjedde då vi passerte

I dag tidleg var Madeleine Thomassen Lyngstad på veg til barnehagen med barna, men ho kom ikkje langt. Ved Drange Bruk hadde det rasa ut store steinar i vegen.

– Eg bur ute på Balandsneset ved hyttefeltet. Eg har to små born som skulle ha vore i barnehagen no, men vi står og ser på steinane framfor oss. Eg er takksam for at det ikkje skjedde då vi skulle passera, eller då eg kom heim frå nattevakt, seier Madeleine Thomassen Lyngstad.

Vidare fortel Thomassen Lyngstad at Presis Vegdrift er på staden, og at det blir opplyst om at ein kranbil skal vera på staden i 09-tida for å fjerna dei store steinane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smal veg: Raset dekkjer store delar av vegbanen.

– Er det nokon som har ein teori om kva som er årsaka til at dette har skjedd?

– Det er nokre kraftige røter som stikk ut frå fjellet. Kanskje har det med dei å gjera. Det har ikkje regna på kjempelenge. Kanskje er det røtene som har pressa steinane ut. Det er i alle fall det som det blir spekulert i her.

– Kva tid raste dei ut?

– Dei som jobbar på Drange Bygg sa det skjedde kring klokka 07.05.

– Korleis er det med trafikk på staden? Er det mange som ventar?

– Dei fleste har snudd eller snakka med venar og kjende som har kunne plukka dei opp på andre sida. Vi køyrer tilbake no for å venta, fortel Thomassen Lyngstad.

Politiet har også kome til staden, opplyser Thomassen Lyngstad klokka 08.20.