Gry vart utnemnd som "ÆresMOT-ambassadør".
Gry vart utnemnd som "ÆresMOT-ambassadør".

Stormønstring for 71 grader nord-helten onsdag morgon

Ein samla skule med både lærarar og elevar heidra onsdag morgon Gry Skarstein i kantina på Os ungdomsskule. Her vart ho også utnemnd som "ÆresMOT-ambassadør".

Ungdomsskulelæraren rakk knapt å koma inn døra før jubelen steig i taket i kantina på ungdomskulen onsdag morgon. Med nær 370 elevar og bortimot 50 tilsette lydde velkomst- og gratulasjonsbrølet så høgt at vindauga mot skuleplassen bula.

Førebudd, men litt brydd

Hovudpersonen sjølv var noko førebudd på seremonien, men følte seg likevel litt brydd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore mykje merksemd den siste tida. Dette var jo svært hyggjeleg, men også litt mykje, seier Gry.

Rektor Kåre Lutro såg ikkje nokon anna måte å gjera det på.

- Eg føler heile skulen har følgd Grys innsats denne hausten. Då er det ikkje meir enn rett og rimeleg at alle får høve til å gratulera ho og gjera litt ekstra stas på ho her på arbeidsplassen hennar. Det gjeld både elevar og kollegaer, seier Lutro.

- Gry Skarstein klarte å gå til topps i 71 grader nord berre ved å vera seg sjølv, omtenksam og hyggjeleg. Gry har rett og slett framstått som eit flott førebilete på TV-skjermen, skrytte rektor Kåre Lutro.

Hovudpersonen sjølv var delvis førebudd på seremonien, men følte seg litt brydd. - Det har vore mykje merksemd den siste tida. Men det er jo veldig hyggjeleg også, smiler Gry.
Hovudpersonen sjølv var delvis førebudd på seremonien, men følte seg litt brydd. - Det har vore mykje merksemd den siste tida. Men det er jo veldig hyggjeleg også, smiler Gry.

Og medan andre kanskje var i tvil om korleis det ville gå med Gry i finalen, var kollegaene og elevane ved skulen heilt sikre.

Då Os og Fusaposten lodda stemninga sist veke, trudde ni av ti på Gry-siger. Enkelte spurte til og med kvar ho hadde gjort av den kvite Toyotaen ho vann.

Flott førebilete

Framfor alle dei frammøtte vart Gry gratulert med blomar og gode ord.

- Gry har imponert på fleire plan denne hausten. Ein ting er at du har vist styrke og kondisjon i fjellheimen og i konkurransar. Men også på menneskeleg plan har Gry vist seg frå ei fantastisk flott side. Ho klarte å gå til topps i 71 grader nord berre ved å vera seg sjølv, omtenksam og hyggjeleg. Gry har rett og slett framstått som eit flott førebilete på TV-skjermen, skrytte rektor Lutro.