- I Fusa er byggjeaktiviteten heller laber for tida. Men generelt har ikkje me merka noko nedgang, fortel dagleg leiar i Fusa elektro, Jon Einar Vik.
- I Fusa er byggjeaktiviteten heller laber for tida. Men generelt har ikkje me merka noko nedgang, fortel dagleg leiar i Fusa elektro, Jon Einar Vik.

Større plass for Fusa elektro

Fusa elektro AS har flytta frå Neset i Eikelandsosen til Eikelandsheiane.-Me er glad for å ha kome oss i nytt bygg, seier dagleg leiar Jon Einar Vik.

Ved årsskiftet flytta Fusa elektro frå den gamle handelslagsbygninga på Neset til bygget der Fusa tremiljø helt til for nokre år sidan.

- Det er blitt mykje enklare både med inn- og utkøyring av varer, og me har fått meir lagerplass, fortel Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye lokala blir leigt av selskapet Fusa industribygg som elektroselskapet sjølv eig. Dei bruker to etasjar med ei grunnflate på 360 m2, samt ein rubbhall på 110 m2. Austestad transport disponerer 360 m2, og eit bubillager dekkjer 480 m2.

Solstrandvegen

Fusa elektro har avtalar med Fusa og Samnanger kommunar. Selskapet har også hatt ein del industrioppdrag for oppdrettsnæringa. Dei største oppdraga dei siste åra har lege i området Fusa mot Bergen i samarbeid med Leigland bygg.

- Me har nettopp byrja på eit prosjekt i Solstrandvegen på Os der det blir bygd 36 leilegheiter for OBOS. Dette skal stå ferdig neste haust, fortel Vik.

Av arbeid elles kan nemnast 7 husvære på Maurset på Hardangervidda.

- I Fusa er byggjeaktiviteten heller laber for tida. Men generelt har ikkje me merka noko nedgang, fortel dagleg leiar.

Sju personar

Fusa elektro starta opp i 1995 med Vik, Harald Koldal og Magne Sandvik. I dag er dei sju personar alt i alt, av desse to lærlingar og kontortilsett.

- I tillegg samarbeider me tett med snikkarar, røyrleggjarar og ventilasjonsfolk. Me er blitt ein gjeng som har samarbeidd i mange år no, avsluttar Vik.