Tyngre køyrety, gjerne dieseldrivne, er langt tryggare å sentrum. - Dette er bilar ein høyrer og kan flytta seg for, seier Marie Bruarøy og Gustav Bahus.
Tyngre køyrety, gjerne dieseldrivne, er langt tryggare å sentrum. - Dette er bilar ein høyrer og kan flytta seg for, seier Marie Bruarøy og Gustav Bahus.

Stort engasjement kring 1. april-spøkane

Os og Fusaposten satsa på underhaldning og moro framfor vitterleg å lura folk med årets 1. april-spøkar.

Og spøkane slo godt an. Sjølv om dei begge var litt for usannsynlege til å vera reelle nyheitssaker, var det mange som heiv seg på i kommentarfelta og gav tommelen opp.

Fortent hall i Fusa

Slemmast var me kanskje med folket i Fusa som vart fortalde at dei kunne risikera at den etterlengta fleirbrukshallen deira kunne enda opp på Kuventræ.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men fusingane tok spøken med godt humør og stoisk ro. Ikkje ein einaste kommentar tydde på at noko hadde gått på limpinnen.

Trafikale utfordringar

Når det kom til spøken om å forby elbilar i sentrum av Os, var det langt meir variable reaksjonar. Nokon repliserte med lattar og oppovervende tomlar, andre nytta høve til å seia i frå om at dei skjønte det var ein spøk, men at dei uansett ikkje er nøgde med den trafikale situasjonen på Øyro.

Her er eit par døme på reaksjonane på elbil-forbodet i Os:

«Aprilspøk, men trafikksituasjonen i sentrum av Os er helt på «trynet». Her slenger man bilen fra seg i hytt og pine, er ingen skilt som forteller noe som helst».

«Ja, spøken er god, men få fjernet halvparten av blomsterkassen».

«Er maaaange bilister som også burde skjerpe seg litt ved overgangsfelt å ikke bare peise forbi på grunn av hastverk. Flere opplevelser med neste påkjørsler selv, og jeg er den som står i ro før jeg trår ut».

kenneth.svenningsen@osogfusa.no