Alt vel: Det sakna barnet var ikkje sakna likevel.

Stort politioppbod etter melding om sakna barn. Men pjokken var berre på besøk hos vener.

Om du vart bekymra då du såg ein haug med politibilar på Søfteland i ettermiddag, kan du no trygt senka skuldrene.

— Når vi får melding om eit sakna barn så trykkjer vi på den store knappen og sender ut ressursane våre, fortel vakthavande på Politiets operasjonssentral i Bergen.

Kl. 16.10 fekk nemleg politiet melding om at eit barn under 10 år var sakna frå heimen på Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed raste fleire politipatruljar frå Bergen i retning Os, noko Os & Fusaposten fekk fleire tips om.

— Foreldra var oppriktig bekymra, men så viste det seg at barnet berre var på besøk hos nokre vener. Det heile botna i ei misforståing.

Barnet vart funnen kl. 16.40 og oppdraget vart avslutta kl. 17.20.

Politiet gjer ikkje noko meir med saka.