Elektrisk avfall tiltrekk seg av og til nattlege besøkjande (Illustrasjonsfoto).
Elektrisk avfall tiltrekk seg av og til nattlege besøkjande (Illustrasjonsfoto).

Stort sett rolige netter for politiet

Politiet kom over to personar som var seint oppe og rota i det elektriske avfallet ved Flåten laurdag.

Det er stort sett på nattestid innbyggjarane i Os har hatt meldingar til politiet om ulike uønskte aktivitetar. Natt til laurdag fekk politiet melding om eit mogleg innbrot ved ein kontainar på Amfi Os kjøpesenter.

- Me reiste opp dit og kom over to personar som snoka litt, fortell politibetjent Henriette Øgård ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to reiste heim att, og ingen reaksjon var påkravd frå politiet si side.

Promille og høg musikk

Ein person blåste raudt på ein promillekontroll kl 4.30 natt til sundag i Osøyro. Ein blodprøve vart teken av vedkomande.

I 5-tida natt til måndag fekk politiet klage frå Halhjemsmarka om at nokon plaga naboane med høg musikk. Men politiet hadde ingen på jobb.

- Elles har me stort sett hatt rolige netter. Då er det mest å køyra rundt og sjå til at folk har det bra. Me fekk mellom anna returnert ei lommebok til sin rette eigar, seier Øgård.

På dagtid har det vore to promillekontrollar utan at nokon vart tekne.