Nye bidragsytarar: Strandvikmarknaden treng nye bidragsytarar.

Strandvikmarknaden 2022 er avlyst

– Planlegginga har kome for seint i gang grunna usikkerheit kring pandemien. Eit halvhjarta arrangement er ikkje noko marknadsgjengen kan stå for.

Det skriv Peter-Hans de Zwarte i ei pressemelding.

– Me oppmodar likevel andre lag og organisasjonar i bygda om å «ta datoen» og arrangera noko anna kjekt for bygdefolket, skriv De Zwarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at marknaden treng nye bidragsytarar.

– Sjølv har eg vore student med fokus på eksamen i perioden opp mot marknaden heile Covid-perioden og fokuset har flytta seg litt sidan sist marknad. Så me treng fleire og nye personar i arrangørgruppa, og gjerne nokon som ser ting i eit nytt lys. Tenk gjerne på om du vil bidra til neste år, oppmodar De Zwarte.

Han håpar at dei kan ynskja velkomen til ny marknad i 2023.