Vaktmannskapa til BKK er i sluttfasen med å rydda lina og strekkja ny i området i Hegglandsdalen som vart råka av trevelt tidlegare i dag.
Vaktmannskapa til BKK er i sluttfasen med å rydda lina og strekkja ny i området i Hegglandsdalen som vart råka av trevelt tidlegare i dag.

Straumen tilbake klokka 14

Oppdatert: Klokka 13.39 fekk «Os og Fusaposten» melding om at BKK sitt vaktlag no var i sluttfasen av arbeidet med å utbetra leidnings-brotet i Hegglandsdalen.

- Det tok litt lengre tid enn me først antok, men no har me fått melding om at dei truleg er ferdige til klokka 14.00. Etter det skal alle bebuarar i Hegglandsdalen ha straum, fortel Jørgen Steffensen ved vakttelefonen til BKK.

BKK meldte kl 12.20 at vaktlaget i Hegglandsdalen var i gang med å rydda lina og klare for å strekkja ei ny line der trea øydela den gamle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jørgen Steffensen på vakttelefonen til BKK håpte då at bebuarane i området skulle få straumen tilbake innan relativt kort tid.

- Me vil ikkje lova noko, men eg har fått hint om at straumen kan vera tilbake så snart som innan ein time, sa Steffensen då.

Han er usikker på kor mange som har vore utan straum etter trevelten tidlegare i dag.

- Det er snakk om ein lågspentfeil, så så veldig mange er det ikkje, men det er sikkert kjedeleg nok for dei det gjeld. Me håpar å får orden på det no, avsluttar Steffensen.