Sju kroner: Tysdag vil straumprisen mellom klokka 17 og 18 liggja på over 7 kroner per kilowattime i Søraust-, Vest- og Sørvest-Noreg.

Straumprisane når nye rekordar tysdag, men her er det ikkje mykje å spara

Tysdag blir sett rekordar på straumprisane fleire stader i landet.

– Det er vanskeleg å seie noko om korleis straumprisane blir framover, men mykje tyder på at dei vil gå nedover igjen, då det er meldt varmare temperaturar utover veka, seier kraftanalytikar Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy til NTB.

Tysdag vil straumprisen mellom klokka 17 og 18 liggje på over 7 kroner per kilowattime (kWh) i Søraust-, Vest- og Sørvest-Noreg, medan det i Nord-Noreg vil setjast ny rekord med ein snittpris på 3,22 per kWh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Julelysene kan haldast tent

Rønningen meiner likevel ikkje at dei høge prisane bør leggje ein dempar på adventstida.

– Viss ein skal gå i detalj, så bruker ikkje julebelysninga veldig mykje straum. Eg håpar ikkje at dei høge prisane har bidrege til å ta frå folk all julestemning, seier analytikaren.

Han seier vidare at han har lese om fleire ulike tiltak som folk gjer for å kunne spare pengar.

– Det verkar som om det har gått sport i å spare pengar. Framleis er det store prisforskjellar mellom dagen og natta, der er det berre fantasien som set grenser, men det å skru av julebelysninga sparer ein ikkje store summane på.

Lågast pris i nord

Ein kilowattime svarer til straumbruk på éin kilowatt i éin time. Ein dusj på ti minutt bruker i snitt rundt 4,5 kWh, men det heng saman med temperatur og kor mykje vatn dusjhovudet leverer.

Den lågaste kWh-prisen tysdag blir mellom klokka 1 og 2 på natta i Nord-Noreg, då på 84,5 øre. Prisen per kWh blir på sitt lågaste i Søraust-, Sørvest- og Vest-Noreg 2,83 kroner og Midt-Noreg 2,56 kroner.