Branninspektørane Espen Storum og Martin Østgulen Svendsen i Os brannvesen, sjekka at Richard Veberg i ProPyro følgde reglane for sal av fyrverkeri.
Branninspektørane Espen Storum og Martin Østgulen Svendsen i Os brannvesen, sjekka at Richard Veberg i ProPyro følgde reglane for sal av fyrverkeri.

Strenge krav til fyrverkeriseljarar

I dag hadde Os brannvesen fyrverkeritilsyn på alle dei ti utsalsstadene i Os, for å sjå om alt var på stell.

Brannvesenet delte seg i tre grupper og reiste ut for å sjekka utsalsstadene av fyrverkeri i dag. På den eine gruppa, var branninspektørane Martin Østgulen Svendsen og Espen Storum.

– Kva er det de ser etter?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi sjekkar at dei har sløkkeapparat, og at dei som sel er over 18 år. Det skal også vera minst ein person til stades, som har eit godkjent kurs frå brannvernsforeininga. Fyrverkeri skal dessutan anten vera merka med SINTEF-nummer eller vera CE-merka. Det skal også vera god avstand til parkerte biler. I tillegg skal dei som sel ha kunnskap om varene, og det skal ikkje vera for mykje fyrverkeri på disken – og heller ikkje meir enn totalt 100 kilo netto i teltet. Dei skal også gje eit par gratis vernebriller til dei som kjøper, seier Østgulen Svendsen.

– Meld frå om skader

Dei to branninspektørane vitja utsalsstadene utanfor Kiwi Moberg, Kiwi Haugsneset og Rema 1000 Kuven. Verken dei eller kollegaane fann store avvik.

– Det einaste vi fann, var at det var litt for kort avstand til parkerte biler. Dei er klare over korleis det skal vera, men det har nok vore hektiske dagar. I år får dei ikkje selja på nyttårsaftan. Vi gav dei beskjed om å setja opp fysiske sperringar, fortel Østgulen Svendsen.

Brannvesenet tek denne runden kvart år, og dei kjem alltid i uniform.

– Dei veit at vi kjem. Vi går i uniform og legitimerer oss. Av og til kjem det nye aktørar. Joker Søfteland selte fyrverkeri for første gong på lang tid. Då er det greitt å sjekka at dei har hugsa på alt.

Østgulen Svendsen vil oppmoda dei som eventuelt har eit uhell med fyrverkeri til å gå inn på dsb.no/fyrverkeriuhell og rapportera det.

– Der kan ein melda frå om produsent og kva type fyrverkeri det er snakk om. Då kjem det inn i statistikken, og om det er fleire som har opplevd det same, kan myndigheita undersøkja vidare, seier han og legg til:

– I tillegg vil eg oppmoda til fornuftig bruk av fyrverkeri. Ein skal ikkje blanda alkohol og fyrverkerioppskyting.