Barnehagen har vore gjennom ein turbulent periode, som ikkje ser ut til å vera over enno.
Barnehagen har vore gjennom ein turbulent periode, som ikkje ser ut til å vera over enno.

Styrar i Borgafjell barnehage går av

I ettermiddag gjekk det ut melding til alle foreldre og tilsette om at styrar Anita Hauge går av.

Meldinga som vart sendt ut fredag ettermiddag av styreleiar Randi Nordeng seier ikkje noko om årsaka til at Hauge trer av, og Hauge svarte heller ikkje på førespurnadene frå lokalavisa fredag kveld. Hauge har vore styrar etter at Stefan Aihonen slutta i fjor, og har styrt barnehagen gjennomden vanskelege tida. Av meldinga framgår det at styret straks vil setja i gang prosessen med å finna ein erstattar. Styreleiar Nordeng vil mellombels sjølv overta dei administrative oppgåvene.

Meldinga

Dette er meldinga som Nordeng sende ut fredag:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Til orientering er Anita Hauges arbeidsforhold i Borgafjell Barnehage AS avsluttet, og hun har fratrådt sin stilling som styrer i barnehagen.

Inntil videre vil undertegnede overta de administrative oppgavene som ligger under styrers ansvar, mens de pedagogiske oppgavene, der ser vi på om det er mulig å finne en mer permanent løsning inntil ny styrer er på plass. Dette vil sikre at driften i barnehagen vil ivaretas på beste måte. Styret vil umiddelbart igangsette prosess med å få rekruttert en ny styrer, og vil gjøre sitt ytterste for å få tak i en velkvalifisert og god kandidat. Det vil bli gitt nærmere informasjon om denne prosessen så snart vi har noe å formidle.»

ol@osogfusa.no