Roger Hoel (uavhengig) og Magne Djuvik (Frp) er blant representantane i styringsgruppa som er positive til ei kommunesamanslåing. (Arkivfoto)
Roger Hoel (uavhengig) og Magne Djuvik (Frp) er blant representantane i styringsgruppa som er positive til ei kommunesamanslåing. (Arkivfoto)

Styringsgruppa seier ja

Rådmannen i Fusa er ikkje den einaste som er positiv til ei kommunesamanslåing. I går sa styringsgruppa også ja.

Måndag kveld hadde styringsgruppa for kommunereforma møte. 11 av 21 kommunestyrerepresentantar er representerte i gruppa, som kom fram til følgjande innstilling til kommunestyret: "Fusa kommunestyre godkjenner at Fusa kommune slår seg saman med Os kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommune vil verta etablert frå 1. januar 2020."

Innstillinga fekk sju mot fire røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sju for, fire mot

Atle Kvåle, Anne-Grethe Gjerdevik og Hans Ekeberg, alle frå Ap, Magne Djuvik (Frp), Gustav Folkestad (V), Svein Lang (Sp) og Roger Hoel (Uavhengig) stemte for ei kommunesamanslåing, medan dei resterande fire Aud-May Boge (H), Bjarte Samnøy (KrF), Peter Hans de Zwarte (Sp) og Mikal Leigland (Sp) stemte for sistnemnte sitt forslag:

"Fusa kommune, ved styringsgruppa, ser det ikkje som formålstenleg å slå seg saman med Os."

Kommunestyret i Fusa skal ta den endelege avgjerda i saka i morgon ettermiddag.