Ingen liv å mista: — Vi har ingen liv å mista til brann, seier brannførebyggjar, Svein Rune Frantzen.

Svein Rune fortel kva du bør ha på handlelista før avreise til hytta

Det er ikkje råd å ta ferie frå branntryggleik når ein skal på hyttetur.

Mange skal på hytta i påska. I Bjørnafjorden kommune sitt nedslagsfelt er det over 3.700 fritidsbustader. I ei pressemeldin opplyser Bjørnafjorden brann og redning om at det er viktig å ha fokus på branntryggleik — sjølv om hyttene i takt med velstandsauken i Noreg, har blitt større og meir påkosta.

— Sjølv om mange brukar hytta mykje, står dei fleste hytter ubrukte fleire veker i strekk i løpet av året. Difor kan ikkje denne viktige bodskapen bli sagt for mange gonger. Kvar gong hytta vert teken i bruk, må ein sjekka at røykvarslaren fungerer. Batteriet kan ha gått tomt sidan førre gong ein sjekka, og då verkar heller ikkje røykvarslaren. Difor bør ein alltid passa på å ha ekstra røykvarslarbatteri på hytta. Er ein i tvil om det, så sett det på handlelista før påska, seier brannførebyggjar, Svein Runde Frantzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tips til branntryggleik på hytta

Sjekk røykvarslaren kvar gong hytta vert teken i bruk

Ha alltid ekstra batteri i reserve

Syt for rikeleg tilgang til sløkkjeutstyr

Gå aldri frå levande lys

Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ

Deponér og kast oskeavfall på forsvarleg måte

Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk

Ver ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg

Bruk godkjente fagfolk til utbetringar som krevst dette

Tipsa kjem frå brannforeininga.

Mange hytter ligg utanfor allfarveg, og utrykkingstida er ofte lengre enn ho vil vera i meir sentrale område.

— Difor er det utruleg viktig at ein ikkje tek ferie frå branntryggleiken når ein dreg på hytta. Vi har ingen liv å mista i brann, seier Frantzen.