Bjørnegaarden sett frå Oselvo.
Bjørnegaarden sett frå Oselvo.

Sveitsar-Os?

To norske investorar busette i Sveits har kjøpt husvære i Bjørnegaarden. - Rykta om Os som Bergens Bærum spreier seg, seier André Angelskår i Joa-gruppen.

André Angelskår er ein av eigarane av Joa-gruppen, som igjen eig Bjørnegaarden. Han vil ikkje seia namna på dei to Oslo-karane som har kjøpt husvære i Bjørnegaarden, Men han fortel at begge to er investorar busette i Sveits, og ingen av dei er kjende for å kasta pengar ut vindauga.

- Dette er forretningsfolk som har lete seg fascinera over kor fort ting skjer i Os. Både i forhold til utbyggjing og ny veg til Bergen. I tillegg har dei bite seg merke i kommunens positivitet overfor investorar og næringsliv, seier Angelskår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei Sveits-busette investorane reknar med å få att pengane sine og trur på framleis prisauke og befolkningsvekst.

Bærum

- Vår felles oppfatning av Os er at det kjem til å verta Bergens svar på Bærum med kort veg til by og flyplass. Nett no er eigedomsmarknaden litt stille, men vi er overtydde om at det vil ta seg opp, seier Angelskår.

Det er ikkje lenge sidan bergensfirmaet Joa-gruppen sjølv byrja å kjøpa seg opp i Os.

- For å seia det slik så hadde vi aldri turt å kjøpa Bjørnegaarden om den låg i Bergen. I motsetnad til Bergen kommune er Os føreseieleg. For oss investorar er det mogleg å få svar på ting og det er kort veg til avgjerder. Os kommune viser kort og godt handlekraft i praksis, seier ein begeistra Angelskår.

Framtidstru

Per i dag har Joa-gruppen selt fire av seks husvære i Bjørnegaarden med ein kvadratmeterpris på 40-45.000 kroner. Framover skal dei byggja 17 husvære til i sentrum.

- Eg trur det neste byggetrinnet vårt vil liggja høgare i pris. Alt no ser vi at tilsvarande husvære i Bergen sentrum går for 70.000 kroner kvadratmeteren. Eg ser ingen grunn til at Bergen skal vere så veldig langt unna Os. Om fem år trur eg ikkje du kan kjøpa husvære til halvparten av prisen i Os lenger. Det er dette investorane ser, seier Angelskår.

Toblerone

Sjølv om investorar busette i Sveits er i ferd med å kjøpa seg inn i Os og bygda slik har fått internasjonal merksemd, tvilar Angelskår på at Bjørnegaarden skiftar namn til Toblerone-gaarden eller Victorinox-gaarden med det fyrste.

- Nei, det blir nok Bjørnegaarden ei stund til. Vi har faktisk lurt på å skifta namn, men då trur eg vi får laga ein namnekonkurranse, smiler han.