Ministeren besøkjer Os i morgon.
Ministeren besøkjer Os i morgon.

Sylvi Listhaug kjem til Os i morgon

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) skal besøkja Frivilligsentralen og få høyra om integreringsarbeidet som blir utført der.

Laila Reiertsen i Os Frp stadfestar at Listhaug kjem innom Os tysdag føremiddag.

– Me fekk tilbodet frå partikontoret sidan ho likevel er i Bergen den dagen. Då har ho tid til ein tur innom Os også, og kjem rundt kl. 12, fortel Reiertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viktig å visa fram frivilligheita

Ministeren skal besøkja Os Frivilligsentral, der Tove Hille står i spissen.

– Me syntest det var fint å la Listhaug få høyra om det fantastiske arbeidet som blir gjort på Frivilligsentralen. Eg synest at Frivilligsentralen ikkje blir framheva noko for alt det positive arbeidet dei gjer, seier Reiertsen.

Frivilligsentralen er mellom anna med på å organisera Språkkaféen i samarbeid med Os kyrkjelyd, og i tillegg har fleire flyktningar meldt seg som frivillige. Frivilligsentralen har også organisert innsamling av varme vinterklede til nye nordmenn.

ol@osogfusa.no