Etter ein lang og fin haust kan det sjå ut som om den kalde vinteren er på veg. (Illustrasjons
Etter ein lang og fin haust kan det sjå ut som om den kalde vinteren er på veg. (Illustrasjons

Ta omsyn til brøytinga!

Vintersesongen er i gang hos Teknisk drift i Os kommune som oppmodar alle bilførarar til å ta omsyn til brøytinga.

I morgontimane fredag morgon har det vore nullføre og glatte vegar i Os. Då høver det godt at Teknisk drift er klar for strøing og brøyting av kommunale vegar.

Diverre vert brøytemannskapet ofte hindra av feilparkerte bilar. Noko som gjer jobben vanskeleg og skapar fare for trafikktryggleiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor oppmodar no Os kommune alle innbyggjarar til å ta omsyn til brøytinga. Om du må setja bilen langs offentleg veg, så hugs at vegskuldra er meint for å lagra snøen. Bilar som står til hinder for brøytemannskapet kan få parkeringsgebyr og verta fjerna for eigars rekning.

Når skjer det?

Strøing vert utført om forholda gjer at det er glatt på vegen og køyreforholda vert vanskelege. Brøyting vert vanlegvis sett i gang ved 5-10 centimeter snøfall. Samlevegar med kollektivtrafikk vert prioritert for strøing og brøyting.