Takkar sambygdingane: Ordførar Trine Lindborg varslar at det snart vil bli meir bruk for frivillig innsats frå folk i bygdene.

Takkar alle som vil hjelpa, og ber folk melda seg som frivillige

— Situasjonen til ukrainarane opprører oss alle, seier ordførar Trine Lindborg.

— Oppi alt det vonde er det fantastisk å sjå hjartevarmen og engasjementet til bjørnafjordingane.

Det seier Lindborg til kommunens heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste vekene har vore prega av private engasjement og spontane hjelpeaksjonar. Og ordføraren synest det er godt å sjå at folk stiller opp.

— Samstundes er det no tid for å overlata arbeidet med å koordinera og ta imot dei store flyktningmassane til dei instansane som har dette som oppgåve i Norge, og som kan syta for at arbeidet går for seg på ein effektiv, trygg og rettferdig måte, seier Lindborg.

Her finn du all kommunal informasjon om krisa i Ukraina samla på éin stad.

Les også
Nedringt av folk som tilbyr husrom: — Har aldri opplevd maken

Enormt engasjement

Som Os & Fusaposten tidlegare har meldt, har svært mange bjørnafjordingar meldt frå om ledige husvære for flyktningar. Og framleis får kommunen mange telefonar og e-postar med spørsmål frå folk som ønskjer å hjelpa på ulike måtar.

— Det er vanskeleg å sitja med hendene i fanget og sjå at folk - spesielt born - lir, og det vekkjer eit enormt engasjement hos mange, seier ho.

Lindborg forsikrar at Bjørnafjorden kommune står klar til å ta imot flyktningar når det blir aktuelt.

Då trur ho heilt sikkert det blir større og meir konkret behov for engasjement og hjelp frå private bjørnafjordingar.

— Men førebels veit verken styresmaktene eller vi kor mange som vil koma, eller når dei eventuelt kjem. Når vi veit meir, kjem vi til å informera om det, lovar Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støtt hjelpeorganisasjonane og bli frivillig

Enn så lenge meiner Lindborg det er lurt å følgja statsminister Jonas Gahr Støre sine råd om å gi pengar gjennom etablerte, norske hjelpeorganisasjonar.

— Dei veit kva for hjelp som trengst og får ho effektivt fram.

— Og meld deg som frivillig. Vi kjem til å få mange menneske til Noreg som har flykta frå alt og treng all den støtta dei kan få for å skapa seg eit nytt liv. Røde Kors og andre har lang erfaring med å kopla flyktningar med frivillige som kan vere vegvisarar inn i det norske samfunnet, oppmodar ordføraren.

Tverrfagleg arbeidsgruppe

Fordi flyktningane vil ha behov for ei rekkje ulike tenester, har kommunen sett ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe med representantar for flyktningtenesta, helsestasjon, barnevern, NAV, barnehage, skule, vaksenopplæring, beredskap, psykisk helse og frivilligsentral.

— Målet er å vere førebudd for å ta best mogleg vare på dei som kjem til oss. Vi førebur òg ei politisk sak i samband med dette til formannskapet no på torsdag, og vidare til det neste kommunestyremøtet, fortel ordførar Lindborg.