I kjent stil: Her hoppar Kjetil Osablod Grønvigh, Tove Hille, Stine Kobbeltvedt. Biletet er frå arkivet, og året er 2017. Os frivilligsentral feira ti år. Det var sjølvsagt Hille som tok initiativet til eit "hoppebilete", noko ho har gjort ved fleire høve.

Takkar for seg: – Kjære alle gode frivillige og kollegaer

Leiar for Os frivilligsentral, Tove Hille, er i skrivande stund på ferie, men ho har lagt ut ei «takk for samarbeidet-melding» no som ho snart går av som pensjonist.

Til sommaren går Hille over i dei frivilliges rekker. Ho har leia Os frivilligsentral heilt sidan oppstarten i februar 2007. I august tek Stine Kobbeltvedt over rolla.

I samband med at ho takkar av, har ho også takka for mange, mange fine dagar. Hille har totalt jobba 25 år i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os & Fusaposten har fått løyve til å dela innlegget:

«Kjære alle gode frivillige og kollegaer.

Femten år eg gått sidan Os frivilligsentral vart starta opp i 2007.

Eg har hatt ei stor glede av å vera dagleg leiar i sentralen, og verta kjend med kvar og ein/ei av dykk.

Det har vore mange, mange gledes- og begeistringsdagar.

Vi har hatt flotte, gode oppgåver og de har alltid vore så positive og engasjerte.

Tida er og komen for at eg takkar av frå eit langt arbeidsliv, og i dag startar eg fire veker med ferie.

Deretter livslang ferie…..PENSJONIST

Artikkelen held fram under annonsen.

Den 1. august vert det Stine Kobbeltvedt som tek over mi stilling som dagleg leiar i Os frivilligsentral. Det er ein fantastisk flink, god og flott etterfølgjar som tek over, og det er eg kjempeglad for.

Eg vil klappa for dykk alle, og når du les dette, kan vi ta vårt symbolske tre gonger YES…..YES…..YES….

Husk å heva armane kvar gong, og tramp med føtene, le og tenkja på gleda i det å vera frivillig og ha ein god arbeidsstad.

Takkar òg Bjørnafjorden kommune for ein framifrå god arbeidsplass.

Det har vore eit eventyr frå dag éin.

Samla i ulike einingar vart det 25 år i kommunen. Tusen takk for gode og innhaldsrike dagar til alle eg har hatt som kollegaer, samarbeidspartnarar og til deg som eg har møtt på min veg.

Takk for gåver, blomar, songar, taler, helsingar, gode ord og fleire festlege overraskingar der eg ikkje hadde kontrollen. Magiske opplevingar.

Eg er så glad i dykk alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lykke til vidare.

Vi treffast.

Vi sjåast.

Og riktig god sommar.

Ønsjer å dela med alle, blomar som eg har fått. Dei er like mykje til dykk.

Tusen takk til ALLE.

Saman har vi vore eit godt team».